Kommentar frå Geilo

Spørsmålstegn

Spørsmålstegn

.

Takkar så mykje for julekortet eg fekk frå Astrid Aas i dag! Fantastisk initiativ!

Eg er nok ein av dei som meiner fjellandbruket er særdeles stemoderleg behandla i forhold til potensialet som ligg der! Eg vil likevel knyte enkelte kommentarar til bevilgninga på 2 mill.på denne måten:

Vi veit litt meir om verdiane i fjellammet, som vi i starten definerte med beite, utvalde lam innan rase og mørningsprosessen. Vi veit litt meir om feittsyresamansetjinga i kjøttet. Vi veit at fjellgras er rikt på Evitamin som igjen gir Omega-3. Det vi og truleg er relativt sikre på er at desto høgare til fjells dyr beiter desto meir Omega 3 i kjøttet.
Dette burde vi få sikre bevis på. Vi burde også få klarlagt korleis eit kosthold med X-antall kjøtt-måltid med kjøtt frå lam/ storfe/ vilt ville påvirke balansen mellom Omega 3 og Omega 6. Dette er kanskje det «hottaste» innan ernæring i dag. Omega 3 er mjukare feittsyrer enn dei andre, og ein nødvendigheit for å overleva for planter, fisk og dyr i kaldt klima.

Stølane vart slege etter at slåtten heime og på heimstølane var ferdig. Det er vanlegvis steingjerde rundt vollane. Stølane er ein del av den internasjonale kulturarven vi forpliktar oss til å ta vare på. Stølar inngjerda med steingjerder bør no bli tilskottsberettiga for dei som utnyttar vollane. Dette er viktig, for vi i fjellregionen taper heile tida i forhold til flatbygdene. Sist ved at kun bratt areal som blir slege blir teke med under bratt areal. Ein heil del flater blir trekt frå sjølv om gjennomsnittleg helling er 1:4! Bratte areal blir redusert, småareal fell bort, og så skal vi ikkje ein gong få rekna med stølsvollane!
Ber om at de vurderer stølsvollane med steingjerde rundt, blir vurdert på nytt, og at dette poenget blir teke vidare sentralt. Var nok opplagt at då gardane fekk utlikna skyldmark, talde desse vollane med. I dag med 3% dyrka mark og kun 1,3% kornareal i Norge burde dette vera opplagt.