Oppstartsmøte i fjellsatsinga torsdag 21. november

Telemark og Buskerud er samla gjeve kr 2 mill. til satsing på fjellandbruket i 2014. Satsinga omfattar 14 kommunar i dei to fylka. Fylkesmannen i Telemark har sekretariatsansvaret.

Torsdag 21. november går startskotet for satsinga. Då vert representanar frå kommunane og organisasjonane samla på Lampeland Hotell i Buskerud. Målet for møtet er å saman forme satsinga og organisere denne sånn at vi får best mogleg resultat og effekt av midlane.

Viktige spørsmål som skal diskuterast er: Korleis skape engasjement, Aktuelle satsingsområde, Tildeling av pengane, Organisering og Framdrift.

I løpet av to veker vil det vere oppretta eige temaside for fjellandbrukssatsinga knytt til heimesidene for Fylkesmannen i Telemark og Fylkesmannen i Buskerud. Her vert alle nyheiter, viktige dokument og spørsmål / svar lagt ut.