Landskapet sine viktigaste sesongmedarbeidarar er på plass!

Sau på beite.

Sau på beite.

Foto: I. M. Lindstrøm / Fylkesmannen i Telemark

Send ein takk opp i lia eller inn i fjellsida til dei tusenar av beitedyr som er på jobb når andre nyt ferie og fridagar! Denne gjengen er det verdt å satse på, dei har høg arbeidsmoral, er effektive og målretta. Og; dei oppnår resultat!

Etter ei sein snøsmelting og noko seinka utmarksbeite blir det no meldt om at arbeidsgjengen av sau, geit, kyr er på veg ut i fjellet. Fjellandbruket har denne våren sett mange søknader frå aktive og innovative bønder. Fjellandbrukspotten er nær oppbrukt etter fordelinga etter 1. aprilfristen.

Det er gledeleg å sjå at ungdom vil satse og at stølar blir opp rusta. Likeins nyskapande idéar knytte til foredling, formidling og sal tufta på fjellressursane. Men vi kjem ikkje vekk frå arbeidsgjengen av beitande dyr, desse skal gjevast ein ekstra takk for at vi kan oppleve fjellet gjennom syn, lukt og smak! Dei formar landskapet og er ekte vare på matbordet. Både tobeinte og firbeinte blir ønskt ein god fjellandbrukssommar!