Fjellandbruket - frå ull til gull

Yngste familiemedlem sammen med noen av dyrene med "særs fin ull". De er ikke bare gode beitere, fine å se på, men også veldig glad i mye klapp og godt stell, og det vises på ulla, sier ekspertene.

Yngste familiemedlem sammen med noen av dyrene med "særs fin ull". De er ikke bare gode beitere, fine å se på, men også veldig glad i mye klapp og godt stell, og det vises på ulla, sier ekspertene.

Foto: Privat/Bjørnerud

Om ull er gull vitast ei, men om vårulla på sauen kan utnyttast betre og gje attraktive produkt på marknaden, vil Turid Ree Bjørnerud jobbe vidare med. I desse dagar får ho og dei andre søkarane svar på årets midlar i Fjellandbruket.

Det vart søkt for om lag 9 millionar kronar av ein pott på 2,2 millionar kronar. 

Av om lag 50 saker vart det 20 søkjarar som fekk innvilga heilt eller delvis tilskott til tiltak på garden og i drifta. Desse representerer eit mangfald av initiativ og satsingar, og Turid Ree Bjørnerud er ei av søkjarane som har fått støtte frå Fjellandbruket. Som eit prøveprosjekt vil ho sjå på moglegheitene for å utvikle vårulla på sauerasa Grå Trønder til vidareforedling og sal av tova ullprodukt.

– «Tilsagn om midler fra Fjellandbruket er fantastisk morsomt og motiverende for oss. Det viser at også andre har tro på prosjektet vi brenner for. Med disse midlene kan vi sikre en mer solid gjennomføring, og det vil gi oss sikrere svar før neste fase. Vi kan få inn fagekspertise på en helt annen måte og bygge opp sikker kunnskap», er Bjørneruds umiddelbare kommentar til Fjellandbruksstøtta.

Det rører seg mykje i Fjellområda, og det vert satsa med nye generasjonar og tilleggsnæringar i landbruket. Skal ein ut frå søknadene bedømme trykket i Fjellandbruket, ser ein tendensen om at dei vil ha «fleire bein å stå på», satsar med nye driftsbygg og renoverer dei gamle, rustar opp støylar og tilbyr produkt og opplevingar på reiselivsmarknaden. For mange er det eit mål om å kunne leve av garden, og med dyra og primærproduksjonen i botn er det mange som ser fleire moglegheiter for lokal vidareforedling eller kombinasjonar med ordinær drift og tilleggsnæringar. Fjellandbruket ser etter dei tiltaka der det genuine med fjellandbruket vert nytta i tradisjonelle eller nye former. Det knyter seg til naturressursar og geografiske tilhøve, men og til kultur og tradisjonar i desse fjellområda.

Kast ei blikk og ein takk uppi lia i sumar – her vert det jobba hardt og arbeidet gjer seg ikkje sjølv. Maten skal fram, opplevingar og landskap gir reiselivet eit stort bein å stå på!

God Sumar i Fjellandbruket!

Fjellandbruksprosjektet er ei treårig satsing 2014–2016. Dette er siste året for prosjektet og det blir ikkje ei vidareføring av prosjektet. Midla for 2016 er no oppbrukt.
Fjellandbruket.