Vegen går vidare i fjellandbruket

To kalver, Selstali seter.

To kalver, Selstali seter.

Foto: Røysland

Fjellandbrukssatsinga har pågått i perioden 2014 - 2016 med årlege overføringar over jordbruksoppgjeret. Til saman har det vorte overført 6 millionar kroner til tiltak i fjellkommunane i Buskerud og Telemark. Satsinga er dermed avslutta med moglegheit for å søke økonomisk støtte.

Det jobbast likevel vidare med nettverket av fjellandbruksbønder. I 2017 vil det verte gjennomført ei fagsamling 24. april og ein fagtur i Telemark i august. Dette er viktige arenaar for fjellandbruksbønder som enten vil satse vidare, vurderer ulike satsingar eller som er ny og manglar nettverk i landbruket.

Vi viser til oppsummeringa for tiltak og satsingar som har fått støtte gjennom fjellandbruket.