Fagsamling i Fjellandbruket

Selstali seter.

Selstali seter.

Foto: Røysland

Er du ung bonde, i overtaking eller på ein eller annan måte vurderer "noko attåt garden", så håper vi samlinga er interessant for deg.

Sett av måndag 24. april på Hardangervidda Nasjonalparksenter, Tinn. Meld deg på i dag!

Tema for samlinga vil dreie seg omkring kombinasjonar mellom primærnæringa og satsingar retta mot reiseliv, eller anna tilbod som tar i bruk gardens ressursar på nye eller utvida måtar. Samla sett bidrar det til å ha "fleire bein å stå på", å auke attraksjonskrafta i fjellområda og gjere fjellandbruket synleg.

Samlinga ønsker å bidra med faglege innlegg og gi rom for gode diskusjonar omkring vegval med blikk på gardens og bondens ressursar. Du får moglegheiter til å knytte kontaktar, utveksle erfaringar og få med nokre tips og råd i løpet av dagen. Vi får høyre gode innleiarar, som alle har valt ulike vegar og satsingar. Kva betyr "sunt bondevett" for å lukkast? Kva for tankar gjer ny generasjon seg i overtaking? Korleis kan gardens ressursar bidra i samarbeid om opplevingar? Kva har eg og garden å byggje vidare på? Kor høgt skal eg hoppe? 

Har du noko du vil dele av produkt eller informasjonsmateriell? Ta det med så lagar vi eit bord for utveksling blant deltakarane.

Samlinga er ei oppfølging av fagdagen på Lampeland 2015 og fagturen i Ål og Hol 2016.

Påmelding på Kurs- og konferansekalenderen til Fylkesmannen i Telemark.